Kvalitativt intervju som metode - fra minneseminaret på Romerike 2011

Kvalitativt intervju som metode
Minneinnsamlingsseminar Romerike
folkehøgskole 27.5.2011
v/Aud Mikkelsen Tretvik


Her følger teksten i PP presentasjonen:

Disposisjon
• Intervju i staden for å skrive sjølv
• Kvalitativt intervju
• Førebuing av intervju
• Gjennomføring av intervju
• Korleis hjelpe fram minnet?
• Forholdet mellom intervjuar og informant
• Personvern
• Relevant litteratur

Intervju i staden for å skrive sjølv
• Same utgangspunkt, formål og emneliste
• Skilnad: ein annan person til stades
• Intervjuaren med å skape kjeldematerialet
– Presentasjon av tema
– Måten å stille spørsmål
– Skaper ei form for felles forståing med
intervjuobjektet
– ”interview” = syn/oppfatning mellom personar

Kvalitativt intervju
• Få fram meiningar og betydingar
• Nærme seg livet til folk
• Nærme seg folks opplevingar
• Forstå sosiale fenomen
• La informanten konstruere si eiga forteljing mest
mulig fritt for å få tilgang til vedk. livsverd
• Kvalitativt ≠ kvantitativt intervju som skal få fram
opplysningar som kan teljast og målast

Førebuing av intervju
• Ta greie på kven som har noko å fortelje
• Alle er spesialistar på eige liv
• Nokre personar vanskeligare å intervjue enn
andre, sjå det som ei utfordring!
• Vurder kor intervjuet skal gjennomførast
• Gjere seg kjent med emneliste og momentliste
• Notatintervju eller lydopptak?
• Gjere seg kjent med teknisk utstyr
• Gjere prøveintervju – intervjuing er handverk!
• Lese/lytte til intervju/minneoppgåver

Gjennomføring av intervju I
• Behandle informanten med respekt
• Skape god atmosfære slik at informanten
kjenner seg trygg til å snakke fritt om eigne
opplevingar og kjensler
• Emne- og momentliste arbeidsreiskap for å reise
den sentrale tematikken
• Still ope spørsmål: kor, når, kven, kva, kvifor og
korleis
• Ikkje bruk lukka spørsmål som berre har
svaralternativ ja, nei, veit ikkje

Gjennomføring av intervju II
• Start med breie, generelle og nøytrale
spørsmål og gå vidare til meir detaljerte,
ladde og personlige spørsmål
• Still oppfølgingsspørsmål når emnet er
introdusert
• Introduksjonsspørsmål
– Kan du fortelje meg om …?
– Hugsar du korleis det var …?

Gjennomføring av intervju III
• Oppfølgingsspørsmål
– Gi ikkje verbale teikn om å fortsetje eller still spørsmål
ved det som vart sagt
• Inngåande spørsmål
– Kan du seie noko meir om dette?
• Spesifiserande spørsmål
– Kva tenkte du da? Kva gjorde du da?
• Direkte spørsmål
– Har det nokon gong hendt at …? Har du erfart at …?
• Indirekte spørsmål
– Korleis trur du andre opplever/tenker om dette?

Gjennomføring av intervju IV
• La informanten fortelje mest mulig fritt, men bryt
av viss det kjem heilt på viddene
• Ha tolmod til tausheit
• Ta opp nytt emne når det førre er uttømt
• Avslutt før informanten går trøtt (1 time er nok)
• Gå gjennom etterpå kva som kan forbetrast
• Utveksle erfaringar for å betre opplegg/teknikk
• Lær korleis eit kvalitativt intervju ikkje skal
gjerast av måten intervjuarar opptrer i media:
snakk minst mulig sjølv, og legg slett ikkje ord i
munnen på informanten

Korleis hjelpe fram minnet?
• Førebu informanten på kva intervjuet skal dreie
seg om
• Kva kan hjelpe hugsen
– emneliste og stikkord
– bilde, gjenstandar, avisutklipp, musikk
– samtale med fleire personar før individuelt intervju
– oppfølgingsintervju
– ta informanten med til kjente trakter
– dra på museum for å sjå utstillingar

Forholdet intervjuar – informant
• Reflektert forhold til dei mellommenneskelige
relasjonane som oppstår i intervjusituasjonen
• Balansegang informasjonsinnhenting og dei
etiske sidene av dette
• Intervjuet ein formell, ikkje sosial samtale
• Informasjon handsamast på ein formalisert måte
• Tenk over effekten av å bli intervjua om eige liv
– Gir auka verdigheit
– Kan framkalle ubehag
• Det kvalitative intervjuet er ingen terapisituasjon
– Bryt evt. av intervjuet for å vere medmenneske

Personvern
• Personømfintlig informasjon
– Rase, etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk el. religiøs oppfatning
– Mistenkt, sikta, tiltala el. dømt for straffbar handling
– Helseforhold
– Seksuelle forhold
– Medlemsskap i fagforeining
• Intervjuavtalen gir høve til å reservere seg mot bruk av
stoffet med full identifikasjon
• Handtere opplysningar om 3. person med same grad av
personvern
• Vegleiing i minneinnsamlingsbrosjyren
• Avtale med skriftlig, informert samtykke

Relevant litteratur
• Trine Fossland og Kirsten Thorsen 2010: Livshistorier i teori og
praksis. Bergen.
• Bjarne Hodne m.fl. (red.) 1981: Muntlige kilder: om bruk av intervju i
etnologi, folkeminnevitenskap og historie. Oslo.
• Steinar Kvale 2006: Det kvalitative forskningsintervju. Oslo
• Steinar Kvale og Svend Brinkmann: Det kvalitative
forskningsintervju. Oslo
• May Britt Postholm 2010: Kvalitativ metode: En innføring med fokus
på fenomenologi, etnografi og kasusstudier. Oslo.
• Tove Thagaard 2010: Systematikk og innlevelse: En innføring i
kvalitativ metode. Bergen.
• Karin Widerberg 2001: Historien om et kvalitativt forskningsprosjekt:
En alternativ lærebok. Oslo.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar